PROGRAM

Me tek forbehold om endringar grunna vêr eller andre hendingar me ikkje rår over.
For skjematisk oversikt over programmet, klikk PDF symbolet bak kvar dag
FREDAG 7. JUNI

1600-1930 // Registrering

1630-1800 // MediYoga, Skulen 2. etg

1700-1800 // Ashtanga yoga, Skulen 1. etg

1700-1900 // Blåtur 1. Gruppe

1730-1930 // Blåtur, 2. Gruppe

1800-2000 // Blåtur 3. Gruppe

1900-2100 // Middag & musikk, Storebjørn

2230-0630 // Gong Puja, Skulen 1 etg

LAURDAG 8. JUNI

0800-0915 // Morgon Yin, Skulen 1 etg

0800-0915 // Kundalini yoga, Skulen 2. etg

0830-1000 // Frukost, Lillesalen

1000-1045 // "Verdien av å Hvile", Storsalen

1000-1115 // Yoga i det fri, Utandørs

1100-1200 // Styrke flyt, Skulen 1. etg

1100-1200 // Formfull yoga, Skulen 2. etg

1145-1245 // Linedance kurs, Storsalen

1215-1315 // Stå på hender leik UTSOLGT

1215-1330 // Restorativ yoga, Skulen 2 UTSOLGT

1230-1320 // Barneyoga 4-5 år, Skulen 1. etg

1230-1400 // Lunsj

1245-1345 // Sjelfulle tonar av Felicia,  Bjørnehiet

1330-1420 // Barneyoga 4-5 år, Skulen, 1 etg

1330-1430 // Slow Flow, Storsalen

1500-1630 // Workshop Hvile, Storsalen

1500-1800 // Marknad og Kafe

1515-1605 // Yoga 6-10 år, Skulen 2. VENTELISTE

1515-1615 // Familieklang, Bjørnehiet

1645-1745 // Gongbad, Bjørnehiet

1645-1745 // Yoga for stive karar, Storsalen

1645-1745 // Yoga 11-14 år, Skulen 2. etg

1800-1845 // Foredrag om søvn, Lillesalen

1800-1900 // Yoga Spa, Skulen 1 etg - - UTSOLGT

1800-1900 // Yoga Nidra, Skulen 2. etg 

1900-2000 // Middag, Storebjørn

2000-23ish // Bygdedans med 3 Naboar. Storsalen

SØNDAG 9. JUNI

0800-0915 // Yoga & Pianomeditasjon, Storsalen

0915-1030 // Frukost og nistesmøring

1100-1400 // Familiedag på sætra - AVLYST

1100-1600 // Guida tur inn i Mørkestova- AVLYST

1100-1600 // Overgangstur via Molladalen 

Programdetaljar 
Resterande billettar vert seld i sekretariatet på festivalen frå om med fredag kl 1600
Festivaldeltaking skjer på eige ansvar. Born skal vere i følge med vaksne på aktivitetane, med mindre anna er uttrykt.

Mediyoga med Mai-Britt Aambakk

Fredag 7. juni kl 1630-1800, Skulen 2. etg

180,-

På denne Mediyogatimen guidar Mai-Britt deg gjennom øvingar som vil redusere kroppens respons på negativt stress. Dei fleste øvingane vert utført sittande eller liggande.


Mediyoga er ei rolig og terapeutisk form for yoga tilpassa alle, uansett fysisk form og eventuelle helseutfordringar. Det krevst ingen forkunnskap i yoga.

Ashtanga yoga med Marit-Rakel Bjørdal

Fredag 7. juni kl 1700-1800, Skulen 1. etg

180,-

Ein meir fysisk krevande yogastil, der pust, rørsle og meditasjon kjem saman. Det er ei effektiv og god form for trening, som gir auka kroppsbevisstheit, løyser opp spenningar, gir styrke, smidighet, energi og eit rolig sinn. Det heilheitlege perspektivet og dens positive effekter har gjort Ashtanga yoga veldig populært dei siste åra, og mange andre former for yoga er basert nettopp på Ashtanga yoga.

 

I utføringa av Ashtanga yoga er den subjektive opplevinga eit hovudfokus – i den forstand at dei fysiske øvelsane er eit hjelpemiddel for å utforske og utvikle sitt potensiale både fysisk og mentalt. Rekkefølgen av stillingane er nøye sammensatt. Kvar stilling forberedar for neste, og om ein har tillit til denne disiplinen og praktiserar regelmessig vil ein etter kvart hauste fruktene av sin praksis. Eit viktig kjenneteikn ved Ashtanga yoga er vinyasa-prinsippet. Vinyasa tyder synkronisert pust- og bevegelsessystem, og bidreg til ein dynamisk flyt mellom kva stilling. Mange opplever ein meditativ tilstand i bevegelse. Klassene avsluttast alltid med ei god avspenning på matta.

Marit underviser med ei god ro og mykje omsorg, og bistår med tilpassingar ved behov. 

Blåtur i Barstadvik 1. gruppe

Fredag 7. juni kl 1700-1900, Rundtur i Bygda

100,- / 50,-

Ja, kva skal ein seie om ein Blåtur? 

Still med eit åpent sinn, gode sko og komfortable klede. Turen er egna for store og små, og ein går i grupper på maks 20 personar.  Blåturen inkluderer litt gåing, men er ikkje fysisk krevande. Skal ein ha med barnevogn bør den vere av offroad-typen. Forvent både rørsle, ro, litt bygdemoro og stimulering av fleire sansar. Turen endar opp på festivalområdet der vi serverer middag til fin musikk. Har du festivalpass kan du gå rett til middag. Om ikkje bestiller du middag i tillegg om du vil delta på den etter Blåturen. 

Blåtur i Barstadvik 2. gruppe

Fredag 7. juni kl 1730 -1930, Rundtur i Bygda

100,- / 50,-

Ja, kva skal ein seie om ein Blåtur? 

Still med eit åpent sinn, gode sko og komfortable klede. Turen er egna for store og små, og ein går i grupper på maks 20 personar.  Blåturen inkluderer litt gåing, men er ikkje fysisk krevande. Skal ein ha med barnevogn bør den vere av offroad-typen. Forvent både rørsle, ro, litt bygdemoro og stimulering av fleire sansar. Turen endar opp på festivalområdet der vi serverer middag til fin musikk. Har du festivalpass kan du gå rett til middag. Om ikkje bestiller du middag i tillegg om du vil delta på den etter Blåturen. 

Blåtur i Barstadvik, 3. gruppe

Fredag 7. juni kl 1800-2000 - Rundtur i Bygda

100,- / 50,-

Ja, kva skal ein seie om ein Blåtur? 

Still med eit åpent sinn, gode sko og komfortable klede. Turen er egna for store og små, og ein går i grupper på maks 20 personar.  Blåturen inkluderer litt gåing, men er ikkje fysisk krevande. Skal ein ha med barnevogn bør den vere av offroad-typen. Forvent både rørsle, ro, litt bygdemoro og stimulering av fleire sansar. Turen endar opp på festivalområdet der vi serverer middag til fin musikk. Har du festivalpass kan du gå rett til middag. Om ikkje bestiller du middag i tillegg om du vil delta på den etter Blåturen. 

Meze og Musikk - Middag til vakre trekkspeltonar

Fredag 7. juni kl 1900-2000, Storebjørn

200,- / 100,-

Denne kvelden skal vi ete god mat, akkopagnert av trivelige trekkspeltonar. Og kanskje bli kjent med nokre nye fine mennesker?

Meze er mange smårettar, som regel servert som forrettar i Midt-Austen, på Balkan, i Hellas og Nord Afrika. Ordet meze kjem frå det Persiske ordet "mazze" som tyder å smake, men det vert satt fram nok til at vi også blir mette. Kort fortalt vert det mange ulike rettar, slik du kan smake mykje og finne dine favorittar. Vi sørgar for at det også vert laga igjenkjennbare rettar for kresne barneganer. Ved sidan av middagen vert det servert alkoholfri drikke. 

Morten Bollerud tek med seg trekkspelet og skapar god stemning.

Gong Puja - Gongbad natta igjennom med Gunn og Antonio

Fredag 7. juni kl 2230-0630, Skulen 1. etg

250,-

 Gongbad kan sjåast på som eit  avslappende «bad» i lydar. Gong Puja blir som et gongbad på 7.5 timer, ei heil natt. Skilnaden utover lenga det varer, er at ein på gong tuja spelar mjukare og meir jamnt, og at gongen skal gå heile natta gjennom. Det er her ekstra viktig deltakarane ligg godt. Ta med seg fleire tjukke yogamatter, eller luftmadrass om en vet en trenger det, og puter/tepper, kort sagt det en trenger for ei komfortabel natt på eit golv i ein skule. Det er viktig at du held varmen også, så ta med sovepose eller fleire pledd. 

Vi vil lage et sakralt sted til pujaen der alle er velkommen til å ta med f eks blomster, en stein, krystall, en ting eller et symbol som betyr noko for deg. Eller ein lapp med et navn eller eit bilde om det er nokon du ynskjer å sende ekstra kjærleik eller gode energiar til. Dette er ikkje knytt til ein bestemt religion, men vi inviterer alle til å uttrykke det som passar best for ein sjølv, om ein ynskjer. 

Morgon Yin med Liv-Anne Aanesen

Laurdag 8. juni kl 0800-0915, Skulen 1. etg

180,-

Morgon-bliss: Start laurdagen roleg med ein mjuk yinyoga-time.

 

Yin er ein yogaform som vert utført mjukt og innoverretta, der me vil skape god flyt gjennom bindevev og energibanar, betre rørslefridommen i kroppen og styrke ledda. Denne morgon-blissen er bygd rundt 5 yin-stillingar som vi held og pustar i over fleire minutt, og mellom desse stillingane gjer vi balanserande rørslesekvensar, både rolege (yin) og meir dynamiske (yang). Programmet har Liv-Anne tilpassa sommarsesongen, ein sesong som har mykje energi, vekst og kreativitet i seg. Timen starter og slutter timen med ei guida avspenning og pusteøving.

Kundalini yoga med Linda Nygård

Laurdag 8. juni kl 0800-0915, Skulen 2. etg

180,-

Kundalini yoga blir ofte kalt for kvardagsyoga fordi den tilbyr enkle og kraftfulle  verktøy for å få kropp og sjel i balanse. Fokuset her ligg meir på utholdenheit og kraft enn på avanserte kroppsstillingar. 

 

Kundalini Yoga er en retning innen yoga som har eit tydelig fokus på å fremme bevisstheten. Gjennom å praktisere Kundalini Yoga vil du våkne mer og mer til deg selv, du vil bli mer og mer klar over hva som er bra for deg og hva som ikke er bra for deg. Det kan handle om alt fra maten du spiser, til menneskene du omgir deg med, jobben din og livet generellt. Gjennom økt bevissthet vil du komme i kontakt med det som er sant for deg. Kundalini Yoga gjør dette for deg gjennom fysiske øvelser, gjennom meditasjonene, pusten og lydvibrasjoner (mantraer).

 

Det er ei yogaform som passar dei fleste. Ein kundalini yoga time vil inneholde enkle men kraftfullle øvelsar, avspenning, pusteøvelsar og meditasjon. Timen varer i 75 min.

Frokost Laurdag

Laurdag 8. juni kl 0830-1000, Lillesalen

120,- / 60,-

Vi serverer frokost på samfunnshuset Samhald laurdag 8. juni og søndag 9. juni. 

Vi setter fram buffet med brødmat, egg, røyka laks, pålegg, juice, melk kaffi og te. Søndag er prisen litt høgare da det inkluderer niste til fjelltur eller sætredag. Bestill til å så mange personer dykk er så vi kan sørge for at det er nok mat. Meld også inn på e-post info@sunnmoreyogafestival.no om du har matallergiar, og vi skal forsøke vårt beste i imøtekomme dine behov.

Har du kjøpt festivalpass for helga er frokosten inkludert.

Bokpresentasjon: "Verdien av å hvile", med Siw Aduvill

Laurdag 8. juni kl 1000-1045, Storsalen

0,-

Boka "HVILE - alt vi vinner ved å la være" er ein genuin hyllest til det å kvile. Forfatteren av boka tek oss med gjennom hjerneforskning og flytetankar, kvardagsliv og flyktningeleirar, yoga, sex og vinsmaking i denne underhaldande, lærerike og kloke boka om det enklaste og vanskeligste av alt: å gjere ingenting. 

 

Siw inviterer deltakarane inn i boka og ser på korleis det å roe ned på innsida, påverkar verda på utsida. For korleis kan det ha seg at det å kvile gjer oss meir empatiske? Kan det å trykke på pauseknappen gjere oss meir kreative og intelligente? Kva er samanhengen mellom kvile, sansar og nyting? Boka utforskar det herlege paradokset i korleis ”ikkje-handling” kan ha ein særs positiv effekt, både på personleg nivå og i den verda vi lev i sammen. 

Yoga i det fri - Utandørsyoga med Liv-Anne Aanesen

Laurdag 8. juni kl 1000-1115

180,-

På denne timen tek Liv-Anne oss med ut på ei lita yogareise i bygda. Vi møtes på skoleplassen og går samla til ein egna plass der Liv-Anne leiar oss gjennom eit program med fokus på pust, energi og balanse. Timen, men tur til og fra, vil vere mellom 60-75 min.

Til denne timen må du ta med eiga matte og vindtett tøy. (Sjå an veret). Timen vert flytta inn i eit av telta om dårleg ver.

Timen er egna også for nybyrjarar

Styrke Flyt med Marit Stinessen

Laurdag 8. juni kl 1100-1200, Skulen 1. etg

180,-

Dette er ein vinyasa-flow time der det vert lagt vekt på styrkeøvingane i yoga. Vi fokuserar på balansen mellom det stødige og uanstrengte i pust og posisjonar. Vinyasa betyr at det er glidande overgongar frå ei stilling til ei anna, så her vil det vere enklare om du har prøvd litt yogastillingar tidlegare. 

 

Med omsorgsfullt nærvær kjenner vi på grensene våre, her og no, og utforskar potensialet i oss sjølv og yogapraksisen. Timen inneheld balanse-posisjonar og inversjonar. Vi startar med stille meditasjon og avrunder med avspenning.
 

Passer for deg som gjerne utfordrar deg selv, likar leikende øvelsar, inspirerende musikk og som ynskjer ein fysisk krevande yogaklasse.

Formfull yoga med Kristine Sofiedal

Laurdag 8. juni kl 1100-1200, Skulen 2. etg

180,-

Mange trur at yoga kun passar for mjuke og slanke kroppar. Dette kunne ikkje ha vore lengre frå sanninga. Alle har ein yogakropp! Det viktigaste er å få tips og hjelp til å tilpasse yoga til din kropp. Og dette er Kristine, som leier denne timen, god på.

Kristine Sofiedal driver firmaet Formfull yoga og ivrer for at du ikkje trenger å endre kroppen for å passe til yoga. Kroppen din er ikkje eit problem som må fiksast. Kom som du er, bruk det du har og gjer det du kan. Klarer du ikkje å sette hendene i golvet, så løfter vi golvet opp til deg. Timen er egna for nybyrjarar, uansett størrelse og form på på formene.

Linedance - kurs med Sigbjørn og Malene

Laurdag 8. juni kl 1145-1245, Storsalen

100,- / 50,-

Bli med på linedance-kurs, så har du dansetrinna inne til dansen på kvelden.

Sigbjørn er bygdas Linedance-mann, og assistert av Malene, vil han dele litt av sin kunnskap. Du treng ikkje om å ha prøvd linedance før for å bli med. Dei vil veksle mellom ein enkel og ein litt meir avansert linedance. Linedance er ein gøy trim der ein både får trent kroppen og dei små grå. 

Ta på cowboyhatt om du har, eller kom som du er!

Stå på hender leik med Patrik og Christoffer - UTSOLGT

Laurdag 8. juni 1215-1315, Storebjørn

0,-

Velkommen til ei leikande oppmed økt med Patrik og Christoffer. Dei vil fortelle deg kva grunnleggende kunnskaper som må til for å utvikle balanse for handståande. Det blir først ei felles oppvarming, før vi prøver oss på litt opp-ned-gøy!

 

For deg som er interessert kan dei gjere ein individuell "skann" og basert på dine forutsetninger, gir vi deg 3 tips for å ta det til neste nivå. 

Restorativ yoga i liten gruppe med Trine Foldal - UTSOLGT

Laurdag 8. juni kl 1215-1330, Skulen 2. etg

180,-

Restorative yoga vert rekna som ei restituerande yogaform og passar for dei fleste (men er ikkje anbefalt for gravide). 

Restorative er ein pratyahara praksis, ein søker ei tilbaketrekning av sansane. Det vert brukt augepute, og anna utstyr som bolsterar, puter, band og pledd. Ein bygger opp under og rundt kroppen i alle stillingar, slik at det kjennes behageleg og ein kan slappe godt av. 

Det vert brukt ulike mindfulness- og pusteteknikkar i stillingane.

Det er berre plass til 5 deltakarar, slik at alle får god oppfølging og assistanse undervegs.

Barneyoga 4-5 år i følge med vaksen med Eva Kleinrath

Laurdag 8. juni kl 1230-1320, Skulen 1 etg

50,- (Vaksen følge inkludert)

Velkommen til yoga for barn fra 4-5 år, sammen med mor, far, tante, onkel eller annan vaksen. Vi startar timen med å lytte til pusten samt enkle pusteøvingar. Så går vi videre til fysiske øvingar, både kver for seg og som partnerøvingar. Barna får utfalde seg på egne premisser, de kan vere seg sjølv. Målet med barneyoga er å styrke barna både fysisk og mentalt. Det handler om å halde fokus, roe ned i kropp og sinn, vere tilstades. Vi skal veksle mellom aktivitet og kvile, øve på yogastillingar og pusteteknikkar. Vi avsluttar timen med avspenning. 

Lunsj & Sunnmørsk kakebord

Laurdag 8. juni kl 1230-1400, Lillesalen og utandørs

150,- / 90,-

Kokkene tryllar fram ein smakfull lunsj,  og  dyktige kakebakarar i bygda sørger for eit ekte Sunnmørsk kakebord! 

Her blir det lett å la seg friste, og vanskelig å praktisere moderasjon. Skal du på yoga like etterpå, kan det vere lurt å halde litt igjen, da det kan vere ubehagelig å praktisere yoga på full mage. 

Har du kjøpt festivalpass for helga er denne lunsje og kakebordet inkludert. 

Sjelfulle tonar med Felicia Falck

Laurdag 8. juni kl 1245-1345, Bjørnehiet

0,-

Felicia åpna fjorårets festival og vare med på etablere den kjærleiksfulle stemninga vi opplevde på festivalen i fjor. Ho komponerte enda til ein vakker sang medan ho var her, og denne framførte ho for dei frivillige siste dagen av festivalen. 

Sidan sist har Felicia gitt ut si første plate. Du kan høyre ho spele i Bjørnehiet på årets festival, og kanskje vert det også anledning til å kjøpe ei signert plate?

Bjørnehiet er eit stille/lytte telt. Hit kan du ta med lunsjen din og lytte til Felicia sin musikk. Ta med yogamatte eller sitteunderlag, da det ikkje er stolar i dette teltet. Ingen førehandsbooking, berre å dukke opp og nyte. 

Barneyoga 4-5 år i følge med vaksen med Eva Kleinrath

Laurdag 8. juni kl 1330-1420, Skulen 1 etg

50,- (vaksen følge er inkludert)

Velkommen til yoga for barn fra 4-5 år, sammen med mor, far, tante, onkel eller annan vaksen. Vi startar timen med å lytte til pusten samt enkle pusteøvingar. Så går vi videre til fysiske øvingar, både kver for seg og som partnerøvingar. Barna får utfalde seg på egne premisser, de kan vere seg sjølv. Målet med barneyoga er å styrke barna både fysisk og mentalt. Det handler om å halde fokus, roe ned i kropp og sinn, vere tilstades. Vi skal veksle mellom aktivitet og kvile, øve på yogastillingar og pusteteknikkar. Vi avsluttar timen med avspenning. 

Slow Flow - Roleg yogaflyt med Kristine Sofiedal

Laurdag 8. juni kl 1330-1430, Storsalen

180,-

Denne timen er en rolig yinyasa form for yoga som passer for alle uansett alder og nivå. Vinyasa betyr at ein bevegar seg frå ei yogastilling til ei anna i eit flytande, her rolig, tempo. 

Timen byrjar med å roe ned, lande i kroppen og skape kontakt med pusten. Etterkvart bevegar vi oss sakte inn i meir dynamiske asanas (det er ulike posisjonar). Vi flyter rolig i takt med pusten og underveis i timen vil du kjenne på varme, samt bli utfordret i nokre stillingar. Timen vert avslutta med ei god avspenning. 

Inn i hvilen - Workshop med Siw Aduvill

Laurdag 8. juni 1500-1630, Storsalen

225,-

Workshopen "Inn i hvilen" er ei batteriladning for kropp og sjel

 

Forfatteren av boka "HVILE - alt vi vinner ved å la være" leier deltakarane gjennom ulike øvelsar og djup avspenning, samtidig som ho sett kvile inn i sammenheng basert på materiale ho fant fram til i arbeidet med boka. Gjennom 90 minutter skal deltagerne få prøve ulike måter å kvile på som dei kan ta med seg vidare inn i kvardagen.

 

Siw Aduvill er ein erfaren yogainstruktør og underviser på yogalærarutdanningar i tillegg til å halde eigne workshops og kurs. Siw har ein undervisningsstil som gir plass til folk sine eigne opplevingar og ho formidlar sin kunnskap med innsikt og glimt i auge.

Marknad og Kafe

Laurdag 8. juni kl 1500-1800, Storebjørn, Lillesal og Ute

0,-

Velkommen til årets marknad! 

Her blir det liv og røre, men tilbydarar av yogautstyr, helsekostprodukt, og handverkarar og illstratørar som sel fine ting dei har laga. Det vert også sal av kaker og kaffi, hoppeslott, konkurranser og leik og moro. 

Barneyoga 6-10 år med Toril Strand Fiksdal - VENTELISTE

Laurdag 8. juni kl 1515-1605, Skulen 2 etg

50,-

Velkommen til yoga for barn fra 6-10 år. På denne timen kan barna stille sjølve, men om dei vil ha med seg ein vaksen er det ok. Da må den vaksne vere med på yoga.

I denne timen får barna utfalde seg på egne premissar, og vere seg sjølv utan krav til prestasjon. Målet med barneyoga er å styrke barna både fysisk og mentalt. Det handler om å halde fokus, roe ned i kropp og sinn, vere tilstades. 

Toril som veileder har praktisert yoga i over ti år, og jobbar i barnehage. Ho har gjennom jobben sett korleis stresset vi vaksne opplever smittar over på barna. Både barn og voksne er alltid på vei et sted , skal prestere , og  har det ofte generelt  travelt i hverdagen. Yoga er ein måte å lande på. I ein hektisk kvardag, også for barn.
 

Familieklang - Gongbad for store og små med Gunn og Antonio

Laurdag 8. juni kl 1515-1615, Bjørnehiet

180,- / 0,- (men skal vere i følge med vaksen)

 Gongbad kan sjåast på som eit  avslappende «bad» i lydar. Deltakarane ligg på liggeunderlag eller yogamatter på bakken, eller sitt på stol med augene lukka, og slapper av medan Gunn og Antonio spelar på gongar, syngebollar og andre instrument. Lyden av gongar og syngebollar kan gi ei  djup avspenning / meditasjon.

Gunn N Morstøl og makker Antonio, som er våre Gongmestere, legger her opp til et barnevennlig lydbad, der barna kan erfare kor lydene kjem frå i forkant. Gongbadet inneheld mange spennande instrument og lydar.

 

Arrangementet har fått sponsorstøtte frå Tussa til aktivitetar for barn og unge, og er derfor gratis for alle under 18 år å delta. Men booking er påkrevd.

Gongbad med Gunn og Antonio

Laurdag 8. juni kl 1645-1745, Bjørnehiet

180,-

 Gongbad kan sjåast på som eit  avslappende «bad» i lydar. Deltakarane ligg på liggeunderlag eller yogamatter på bakken, eller sitt på stol med augene lukka, og slapper av medan Gunn og Antonio spelar på gongar, syngebollar og andre instrument. Lyden av gongar og syngebollar kan gi ei  djup avspenning / meditasjon, og er sagt å kunne lege kroppen på cellenivå. 

Tidligare deltakarar som har hatt pulsklokke på, har gitt tilbakemelding om at pulsklokkene oppfattar heile eller delar av gongbadet som djup søvn. Mens deltakarane fortel at dei har vore vakne, men svært avspent og avslappa. For dei aller fleste er gongbad ei eineste, behagelig «reise». Det vert sagt at ein times gongbad tilsvarar 3 timar søvn, og det kan forklare kvifor ein gjerne kjenner seg svært utkvilt og opplagt etter eit gongbad. 
 

Om du er kald vil ikkje kroppen kunne kvile like godt. Så ta med yogamatte/ liggeunderlag og godt med klede og pledd, og bli med på ei avspennande musikalsk reise!

Yoga for stive karar med Sylvi Henriksen

Laurdag 8. juni kl 1645-1745, Storsalen

180,-

Vanskelig å knyte skoa? Vond rygg, stram nakke eller haudeverk? Ein vert aldri så stiv at ein ikkje kan dra nytte av yoga. Eller som det har blitt sagt: Å seie at ein er for stiv til å gå på yoga, tilsvarar å seie at ein er for skiten til å kunne vaske seg.

Dette er ein lav-terskel time kun for menn. Menn med og utan vondtar. Her det er god takhøgde for humor og sjølvironi.

Biletet er henta frå tilsvarande time på forrige års festival, teke av Møre Nytt.

Yoga 11-14 år med Cecilie Hansen

Laurdag 8. juni kl 1645-1745, Skulen 2. etg

50,-

Denne yogatimen blir lagt opp til de som er 11-14 år. Men, er det yoginier på 10 ½ eller 15 år som har lyst å delta, så er de også hjertelig velkomne!

I timen skal deltakerne få mulighet til å være akkurat som de er. På en leken og deilig måte inviteres de til å «lande», finne fokus og være uten press og forventinger.  

Vi skal gjøre flere øvelser, både individuelle- og partnerøvelser. Det blir både aktivitet og avspenning.

Tussa har sponsa aktivitetar for barn og unge på festivalen, så vi kan tilby denne timen til lavere pris. 

Søvnens rolle i langvarig helse - Foredrag med HelseCoach Patrik Hakkanen

Laurdag 8. juni kl 1800-1845, Lillesalen

75,-

Søvnens rolle i langvarig helse. - Interaktivt foredrag om kva god søvnkvalitet er. 

Kvifor går så mange av oss glipp av tilstrekkeleg god søvn og kva fører dette til over tid? På dette foredraget vil du få høve til å finne ut kva akkurat Du kan gjere for på enklast mulig vis betre Din søvnkvalitet.  Som deltaker vil du også få generelle tips som kan hjelpe deg å på naturleg vis få det beste ut av kvar natt, og dermed det meste av livet.

Yoga Spa med Marit Stinessen - UTSOLGT

Laurdag 8. juni kl 1800-1900, Skulen 1. etg

180,-

Velkommen til ein times nærande Pusterom. 

Gjennom mjuk, restorativ yoga inviterer vi til kvile, lytte innover og kome heim i oss sjølve. 

Med merksemd kring pust, mjuke rørsler, og  «jordande» posisjonar landar vi i kroppen og let sinn og sjel falle til ro i livet slik det er.

Undervegs går Marit rundt og gir dei som vil lett massasje med velduftande, eteriske oljer.

Er du en smule sliten, stressa, treng ein liten pust i bakken og litt "tender loving care", vel da vil du nyte dette pusterommet;

Passar for alle

Yoga Nidra med Cecilie Hansen

Laurdag 8. juni kl 1800-1900, Skulen 2. etg

180,-

Vi begynner timen med rolige yogaøvelser før jeg veileder dere gjennom 40 minutter med Yoga Nidra, også kalt Yoga søvn. Dette er en guidet meditasjonsteknikk som utføres liggende, i savasana. Denne avspenningsmetoden hjelper deg å løse opp spenninger i kroppen og slappe av ved å lede oppmerksomheten til ulike deler av kroppen. Du får mulighet til en total avslapning der kroppen sover mens sinnet forblir våkent.

Det kreves ingen erfaring med yoga eller meditasjon for å delta på denne timen.

Middag laurdag - lokal hjortegryte eller vegetargryte

Laurdag 8. juni kl 1900-2000, Lillesalen og Storsalen

200,- / 100,-

Til denne middagen kan du velge mellom vegetargryte, eller ei lokal hjortegryte, med tilbehør.

Den smakfulle middagen vert servert i forkant av dansen med 3 Naboar. Du kan bestille kun middag for kr 200/kr100, eller Middag med dans for kr 300,- / kr 150,-. Velg alternativa når du bestiller på Tikkio. 

Har du kjøpt festivalpass for helga er både middag og dans inkludert. 

Dans med 3 Naboar

Laurdag 8. juni kl 2000-2300......., Storsalen

150,- / 100,-

Alkoholfri og familievennleg bygdedans, der bandet 3 Naboar frå Loen spelar skikkeleg dansbar musikk!

Vi ryddar dansegolvet og her blir det anledning til å bevege seg på valgfri form, enten det er linedance, swing, freestyle eller ein sjølvkompangnert dans. Det viktigaste er å ha det kjekt og nyte ei god stemning saman, store og små. 

Snack og enkel servering er inkludert. 

Yoga og Pianomeditasjon med Sofia Emelia Ohlsson og Linn Urke Osnes

Søndag 9. juni kl 0800-0915, Storsalen

180,-

Nye ting oppstår i møtet mellom mennesker. To dyktige kvinner møtes i denne timen som er spesielt satt opp for å avrunde Sunnmøre Yogafestival 2019. Her vert du guida gjennom ei fin yogatime, akkompagnert av live meditativ pianomusikk.

Sofia Emelia har spelt piano i heile sitt liv, og begynte å komponere som 15- åring. Musikken er hennar meditasjon, og den skapar nærvær og ro for den som lyttar. Linn driv yogastudio i Ulsteinvik. Ho har bakgrunn som dansar, yogalærer og mindfulnessinstruktør. Musikk er ei inspirasjonskjelde for ho både i eigen praksis og i undervisninga. Sofia Emelia og Linn let sine lidenskaper smelte saman i ein 75 minutter jam, som vi kan nyte godt av.

Dette vert ei vakker avrunding av festivalen, og mest sannsynleg vil den gode frukosten smake enda betre etter denne timen.

Frokost Søndag

Søndag 9. juni kl 0915-1030, Lillesalen

180,- / 90,-

Vi serverer frokost på samfunnshuset Samhald laurdag 8. juni og søndag 9. juni. 

Vi setter fram buffet med brødmat, egg, røyka laks, pålegg, juice, melk kaffi og te. Søndag er prisen litt høgare da det inkluderer niste til fjelltur eller sætredag. Bestill til å så mange personer dykk er så vi kan sørge for at det er nok mat. Meld også inn på e-post info@sunnmoreyogafestival.no om du har matallergiar, og vi skal forsøke vårt beste i imøtekomme dine behov.

Har du kjøpt festivalpass for helga er frokosten inkludert.

Familiedag på Barstadsætra - AVLYST

Søndag 9. juni kl 1100-1400

100,- / 50,-

Denne dagen kan alle få dra til sæters og gjere seg feit. Eller springe godsakene av seg i bakkane :)

Vi ordnar transport til og frå bygda til setra. Der serverer vi kaffi og noko lite å bite i, og riggar til med litt leikar. Det er mykje å utforske på setra, og god plass til fri leik. Barn skal vere i følge med føresett/vaksen. 

Guida fjelltur - "Inn i Mørkestova" - AVLYST

Søndag 9. juni kl 1100-1600

100,-

Mørkestova.

 

Var ikkje det eit namn på lensmannsarresten ein gong? På Vollefjellet er det namnet på ein botn som breen har grave ut mellom to tindar. Tida har så godt som stått stille her inne. Merka etter breen er tydelege. Ja her er restar enno. Men før vi kjem heilt dit inn skal vi kike på det som viser att av ei sæter det slitet nok var sterkare enn romantikken og kryssa ei myr der furuskogen susa for eit halvt tusen år sidan.  Litt travel stigning i sætrevegen,- så vert det rolegare.

 

Gode sko, niste og kle deg etter veret.

Overgangstur via Molladalen til Ytre-Standalsseter

Søndag 9. juni kl 1100-1600

100,-

Molladalen er det mest kjente fjellområdet her og kanskje landets vakreste dal? Dramatiske tindar omkrinsar dalen og Storevatnet. Hit kjem folk langvegsfra for å klatre eller vandre. Vi skal besøke Molladalen og ta ein god rast der, før vi går over eine skaret og ser ned mot Hjørundfjorden. Det er litt ur og litt bratt ned første partiet mot Ytre-standalseter, men så er det grei skuring derfrå ned til fjorden. Der vert me henta med buss og kjørt tilbake langs Hjørundfjorden til Barstadvik

Dette er ein krevande tur for dei fjellvante. Barn som vert med må ha vore på lange turar tidlegare. Du treng gode sko, niste og kle deg etter veret.

Du kan lese meir om turen/delar av turen på VisitNorway og Morotur.  Bilde er henta frå VisitNorway si side

Please reload

Nettsider utarbeidet av Aroga AS