SUNNMØRE

YOGAFESTIVAL

7-9 juni 2019 - Barstadvik, Ørsta
Billettsalget på Tikkio er no avslutta. Men vi selger også biletter på sekretariatet under festivalen
LINK TIL PROGRAM
Rørsle, ro og samhald
SUNNMØRE YOGAFESTIVAL
7. - 9. Juni 2019
 

Samfunnshuset Samhald

Barstadvegen 8

6174 Barstadvik

  • Facebook Basic Black
  • Svart Instagram Ikon
Velkommen til ein jordnær yogafestival i vakker natur

Sunnmøre Yogafestival er ein sosial og inkluderande festival, med aktivitetar for store og for små. Festivalen er både for deg som alt har erfart yogaens positive effekt, og for deg som det sitt langt inne å prøve. Utover yoga, kan du denne helga nyte god mat og musikk, ta med ungane på leik, vandre i vakre fjell, lære line-dance, bestille massasje, nyte synet og smaken av eit Sunnmørsk kakebord, handle på den lokale marknaden og kanskje knytte nye vennskap og prøve noko du aldri før har prøvd?  Ta med heile familien, og nyt helga med oss.  

Festivalen vert arrangert av Bygdesentralen, Bygdas samfunnshus Samhald og Barstadvik Idrettslag, godt hjulpe av frivillige i bygda og støttespelarar i lokalt næringsliv. Festivalen har telt- og bobilcamp, og vil du ha enda meir komfort kan du leige rom privat i ein av mange gjestfrie heimane i Barstadvik. Arrangementet er alkoholfritt.

Velkommen til Barstadvik!

BARSTADVIK

LINE-UP 2019

Her kan du lese meir om dei fine sjelene som står for programmet på Yogafestivalen. Dei vil bli presentert fram mot festivalen, og vil veilede deg gjennom yogatimer, linedance kurs, foredrag og andre aktivitetar som kan bevege kropp og sinn. Du finn tidspunkt og beskriving for aktivitetene dei vil presentere her på nettsida. 

 
 
 

STØTTESPELARAR

Lokalt næringsliv har gitt oss den økonomiske tryggleiken vi trengte for å satse på Sunnmøre Yogafestival.  Stor takk til samtlege støttespelarar!

VARTDALGRUPPA FISKEOPPDRETT

 

KONTAKT OSS

Om du vil nå oss på telefon ring 95757275

Nettsider utarbeidet av Aroga AS